Oljefondet stenger ute selskap som trugar orangutangar

Fondet vil ikkje lenger tene pengar på selskap i Indonesia som driv gruve der orangutangar lever.

Eit fond er ei stor mengde pengar som blir spart for å brukast seinare. I Noreg har vi noko som heiter oljefondet – eller Statens pensjonsfond utland, som det eigentleg heiter.

Oljefondet blei laga etter at vi fant olje i Nordsjøen. Det blei bestemt at pengane Noreg tener på olja, skal sparast slik at Noreg har pengar i framtida når det ikkje er meir olje. Det er på ein måte sparepengane til Noreg.

Pengane i oljefondet kjem både frå oljeinntekter og frå investeringar i utanlandske selskap. Ved å investere i selskap, kjøper oljefondet litt av selskapa og tener pengar på det dei driv med.

Vil ikkje tene pengar på gruvedrift i Indonesia

No har oljefondet bestemt seg for å ikkje tene pengar på tre selskap som driv gruvedrift på Sumatra i Indonesia, melder TV2. Grunnen er at gruvedrifta skjer i leveområdet til orangutangen, som er utryddingstruga. For at apekatten skal overleve, er han avhengig av leveområdet sitt.