Vanskelegare å ha apekattar som kjæledyr i Storbritannia

Frå 2026 må britiske eigarar av apar ha ein eigen lisens.

I Storbritannia er det lov å ha apekattar som kjæledyr. Men no har det blitt strengare reglar. Dei som ønsker å eige ein apekatt, må frå april 2026 ha ein eigen lisens for dette, skriv BBC.

Lisensen skal sikre at eigaren tar godt nok vare på apen. Den som eig ape utan lisens, kan få seks månadar i fengsel, ei bot, eller begge delar.

Det blir altså vanskelegare å ha apekatt som kjæledyr i Storbritannia, men ikkje ulovleg. Fleire var misnøgde med at det ikkje blei bestemt at det skulle bli forbode å ha ape som kjæledyr.

Dei som er imot at ein kan ha ein sjimpanse eller orangutang heime, meiner at det ikkje er mogleg å gi apen det han treng for å trivst i ein privat heim.

Det er ikkje lov å ha apekattar som kjæledyr i Noreg.