Nasa søker frivillige til å leve eitt år som om dei var på Mars

Ein 3D-printa modell av Mars hjelper Nasa med å førebu den verkelege ferda til planeten.

Nasa planlegg å sende menneske til Mars i løpet av 2030-åra. Men før dei sender folk til planeten, testar dei systema dei skal bruke. Dei har derfor laga ein modell av planeten, som har fått namnet Mars Dune Alpha, og søker frivillige som kan tenke seg å bu der i eitt år. Det skriv The Guardian.

Dei fire frivillige som skal bu eitt år på Mars Dune Alpha, kjem til å leve som om dei var på Mars. Det vil seie at dei skal trene, dyrke mat, fikse utstyr og gå på romvandringar.

Men dei kjem også til å oppleve at utstyr feilar eller at kommunikasjonen med jorda blir forsinka. Det dei erfarer, skal hjelpe Nasa med å førebu den første verkelege reisa med menneske til Mars.

I fjor flytta dei første frivillige inn på liksom-Mars. Når dei forlater 3D-modellen i august i år, har dei vore 378 dagar isolerte.