Sørkoreanske forskarar har utvikla «kjøttris»

Den rosa risen inneheld meir protein enn vanleg ris.

Forskarar ved Yonsei University i Sør-Korea har dyrka fram ein ris ved hjelp av celler frå kyr, skriv BBC.

Riskorna fekk først eit lag fiskegelatin på seg for å hjelpe kjøttcellene til å feste seg. Deretter blei korna liggande i laboratoriet i elleve dagar for å vekse.

Kjøttrisen har ein rosa farge og er litt hardare enn vanleg ris. I tillegg har den nye risen åtte prosent meir protein og sju prosent meir feitt.

Forskarane håper den næringsrike risen kan brukast til nødhjelp i utviklingsland, som matrasjonar under krig eller som mat ein lett kan dyrke i verdsrommet, skriv dei i journalen Matter onsdag førre veke.