Ungdomsapar elskar å erte eldre apar

Ein ny studie viser at apar synest det er artig å terge dei eldre i flokken.

75 timar med opptak frå to dyrehagar i San Diego og Leipzig viser at unge sjimpansar, orangutangar, gorillaer og bonoboar 142 gongar terga dei eldre apane. Det skriv The Guardian.

Måtane tenåringsapane terga dei vaksne, var mellom anna ved å dytte i den eldre apen og stikke av, tilby ein ting og så trekke tingen tilbake, stikke ansiktet sitt opp i den eldre apen sitt ansikt, dra i hårstrå, og kitle.

Forskarane treng å studere fleire apar over lengre tid for å forstå kvifor dei oppfører seg slik, men dei meiner at slik terging hjelper apane til å forstå sosiale relasjonar og hierarki i flokken.