Vinterpels gjer haren synlegare når det er lite snø

Den kvite vinterpelsen skjuler harane i snøen. Men når det er lite snø, blir harane meir synlege.

Ung.forskning.no skriv om ei undersøking gjort av svenske og nederlandske forskarar. Forskarane ville finne ut korleis det gjekk med harar som skifter til kvit vinterpels når det er mindre snø om vinteren.

Forskarane sette ut mat med falsk brun pels og kvit pels, i tillegg til kamera. På kamera kunne dei sjå rovdyr som kom for å ete maten. Dei gjorde dette om våren frå det var masse snø til all snøen var smelta.

Kan bli raskare fanga

Resultatet av undersøkinga var at rovdyra fann maten med brun pels raskare enn den med kvit pels i snøen. Når det ikkje var snø, blei maten med kvit pels funne raskast.

Forskarane er bekymra for at harar med kvit vinterpels raskare kan bli fanga av rovdyr viss det er lite snø om vinteren.