Feirar eit nytt år i februar

Lee Eun-seo (9) trur 2024 vil bli eit ekstra godt år fordi det er året til den blå draken.

Dei tolv dyra

Rotte
Okse
Tiger
Hare
Drake
Slange
Hest
Sau
Ape
Hane
Hund
Gris

LES FAKTALUKK FAKTA

Då du feira eit nytt år 1. januar, var det etter ein kalender som er laga etter kor lang tid jorda bruker på å gå rundt sola. Etter denne kalenderen er året delt opp i månadane januar til og med desember.

Men visste du at det finst ein kalender som også reknar med månen? Etter denne kalenderen varierer det når det nye året begynner. I 2024 er datoen for det nye året 10. februar. Då blir eit nytt år feira i mellom anna Kina, Malaysia, Singapore og Vietnam.

Ei av dei største høgtidene i Sør-Korea

I Sør-Korea blir eit nytt år feira både 1. januar og 10. februar i år. Nyttårsfeiringa i februar er ei av dei største høgtidene i landet.

– Vi kallar månenyttår for seollal, forklarer Lee Eun-seo då Framtida Junior møter ho i byen Busan.

– Alle får tre dagar fri. Eg er saman med familien dei dagane. Den første dagen lagar mamma og bestemor mykje deilig mat, som tteokguk, riskakesuppe, og jeon, pannekaker.

– Om morgonen på nyttårsdagen har vi på oss tradisjonelle klede, hanbok, og så bukkar vi framfor dei eldre. Etter at vi har bukka, får vi pengar i gåve. Eg håper eg får masse pengar på nyttårsdagen! smiler Eun-seo.

Familien til Eun-seo er katolikkar. – Etter frukost går vi til kyrkje for nyttårsmesse. Så besøker vi grava til bestefar. Han var faktisk født i drakens år!

FANTASIDYR: Eun-seo har teikna draken slik ho tenker han ser ut. Foto: Synne Ulltang

Eit nytt år, eit nytt dyr

Kvart år i kalenderen får namnet til eit dyr. Mange tenker at kjenneteikna til dyret påverkar korleis året blir. Menneska som er fødde det året, får også kjenneteikna til dyret.

2024 er året til den blå draken. Eun-seo trur derfor at 2024 blir eit bra år.

DRAKEBAMSAR: Butikkane er fylte opp av ting med drakar du kan kjøpe for å feire det nye året. Foto: Synne Ulltang

– Den blå draken er eit mektig og modig fantasidyr. Eg trur derfor at det vil muntre meg opp når eg gjer skulearbeid og gi meg mot til å prøve nye ting. Eg trur eg vil få mange nye venner og gjere det bra på skulen i år, seier ho.

Draken er det einaste av dei tolv dyra i kalenderen som ikkje finst på ekte. I koreansk folketru var draken ein som kunne kontrollere vêret. Draken er eit symbol for suksess, og drakeåret 2024 blir sett på som eit lykkeår.

– Eg håper at familien min vil vere friske i år. Eg håper også at eg får fleire moglegheiter til å halde presentasjonar på skulen. Og så håper eg at eg vinn mykje når eg leiker stein-saks-papir med vennene mine, seier Eun-seo.

VAKTAR: I år er det drakens år, til neste år er det slangens år. Her står dyra og vaktar eit buddhistisk tempel. Foto: Synne Ulltang