Vil bygge villsvingjerde mot Sverige

I fjor blei det oppdaga fleire tilfelle av sjukdom hos svenske villsvin.

Villsvin blir rekna som ein framand art i Noreg som er uønskt i norsk natur. Likevel har vi fleire villsvin som lever på grensa mellom Noreg og Sverige.

I fjor blei det funne fleire tilfelle av ein sjukdom som heiter afrikansk svinepest hos svenske villsvin. Afrikansk svinepest kan vere farleg for grisar, men ikkje for menneske. Det er enno ikkje funne afrikansk svinepest i villsvin i Noreg.

Mattilsynet og Miljødirektoratet foreslår å bygge eit gjerde mot Sverige for å hindre villsvin i å komme over til Noreg. Det skriv NRK.

Skal vurdere kostnaden

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) seier til NRK at regjeringa no skal sjå nærmare på forslaget om gjerde og andre tiltak for å halde villsvin vekke frå Noreg.

– Det er for å finne ut av både kostnader og nytte før vi set i verk dette. Det vil innebere ein kostnad vi må gå litt djupare inn i, seier Pollestad.