MrBeast tente 2,7 millionar kroner på sin aller første X-video

YouTube-stjerna ville finna ut kor mykje han kunne tena på X. Pengane vil han dela med tilfeldige følgjarar.

MrBeast, eller Jimmy Donaldson som han eigentleg heiter, ville sjekka kor mykje han kunne tena på ein video på X (tidlegare Twitter), skriv VG.

Tre dagar før han publiserte videoen, spurde han følgjarane sine kor mykje penger dei trudde han kom til å tena på visningar og annonser i videoen. Det gjorde nok at mange annonsørar vart interesserte i å kjøpa annonser i videoen hans, har han uttala etter publiseringa.

36 prosent av dei som svara, tippa 10.000 amerikanske dollar. Resultatet blei 263.000 dollar. Det er over 2,7 millionar norske kroner.