Snart har du rett til å byta ut dårlege batteri

Ei ny lov frå EU skal sikra deg retten til å byta batteri på mobil, nettbrett, berbar pc og andre dingsar.

17. august vedtok EU-parlamentet ei ny lov. Lova seier at det frå 2027 berre er tillate å selja mobilar, berbare PC-ar, nettbrett og andre elektroniske dingsar med eit batteri du enkelt kan byta ut sjølv, skriv Verdens Beste Nyheter.

Du har kanskje opplevd at du må lada telefonen oftare og oftare? Det er fordi batteriet vert dårlegare. Det betyr ikkje at heile telefonen er øydelagt. Men produsentane er glade for det, for då kan dei selja ein ny telefon til deg.

GIF: Giphy.com

Nye batterireglar

Før kunne ein byta batteriet når det var utslitt, men no er batteriet til nesten alle mobiltelefonar limd inn i telefonen. Bakplata er også umogleg å fjerna for vanlege folk. Det skal dei nye batterireglane frå EU endra på.

Saman med reglane om at det skal vera mogleg å byta batteriet sjølv, har EU også laga nye reglar for korleis batteri skal produsertast, og korleis dei skal bli vunne att.