Veit du korleis januar fekk namnet sitt?

Årets fyrste månad går mot slutten. Men veit du korleis årets fyrste månad fekk namnet sitt?

Januar har 31 dagar og er kalla opp etter den romerske guden Janus. Det er guden for all byrjing. Guden fekk namnet sitt frå det latiske ordet for «dør» (ianua), og symbolsk vil det seie at januar er opningsmånaden – som ei «dør» inn til det nye året.

Det blei bestemt at januar skulle vera årets fyrste månad i år 154 f. Kr. Det var det romerske senatet som bestemte det. Dei kalla månaden for «januarius».

(Kjelde: Wikipedia)