Frankrike forbyr fisking for å beskytte delfinar

I ein månad er nesten all fisking forbode i Biscayabukta.

Rundt 9 000 delfinar døyr kvart år i havet utanfor Frankrike, skriv BBC. Grunnen er at dei sett seg fast i fiskeutstyr. For å beskytte delfinane har Frankrike bestemt seg for å forby fisking frå 22. januar til 20. februar.

Fiskarar fryktar dei kjem til å tape pengar, men myndigheitene har sagt dei vil betale for fiskarane denne månaden.