Hundar i Italia må gi DNA-test i jakta på hundebæsjsyndarar

Myndigheitene vil finne eigarar som ikkje plukkar opp hundebæsj.

Hundeeigarar i Bolzano i Italia må betale ca. 740 norske kroner for ein DNA-test av hunden sin, skriv The Guardian. Resultata vil bli lagra i ein database, som politiet kan bruke når dei finn hundebæsj på gata. Hundeeigarane som ikkje plukkar opp hundebæsj, må betale ein bot på fleire tusen kroner.

I Bolzano finst det om lag 45 000 hundar. Frå slutten av mars vil dei eigarane som ikkje har gått til veterinæren for å ta DNA-test av hunden, også få bot for dette.

Mange protesterer

Mange innbyggarar protesterer, ifølge lokale medium. Innbyggarane tenker at politiet har betre ting å gjere enn å leite etter hundebæsjsyndarar. Dei som pleier å plukke opp hundebæsj, synest det er urettferdig at dei må betale for ein dyr DNA-test. Ein DNA-test av lokale hundar løyser heller ikkje problemet med laushundar eller turistar som ikkje plukkar opp etter hundane sine.