Endre (19) drøymer om Nasa-jobb

På den vidaregåande skulen på Andøya lærer elevane om romteknologi.

– Eg diggar det! Det er kjempegøy, dagane flyr og eg angrar ikkje eit sekund på at eg valte romteknologi, seier Endre Solem Hansen (19).

Han går Romteknologi på Andøy videregående skole i Nordland. Det er ein skule som samarbeider med Andøya Space, det norske romsenteret som skyt opp rakettar og forskar på verdsrommet.

Studieretninga spesialiserer seg på verdsrommet, og teknologien som blir brukt for å utforske det. Endre fekk høyre om retninga i 2. klasse på vidaregåande, og bestemte seg for at det var det han ville studere.

– Eg syntest det høyrdest veldig spennande ut, og har alltid vore interessert i verdsrommet.

Rakettoppskyting i skuletida

Det meste av undervisninga handlar om romteknologi. Eit av faga hans har fast undervisning på romsenteret på Andøya. Dersom det er spennande ting som skjer der, som rakettoppskyting, kan dei få avspasering for å sjå på det.

– Også får vi i år ein 15 dagar lang studietur til USA, der vi skal køyre rundt og besøke viktige stader i romhistoria, som rakettmuseum og satellittfarmar. Det gler eg meg veldig til.

Skyt opp ein eigen rakett

I tillegg til å lære mykje om verdsrommet, skal elevane også sjølv prøve seg på romteknologi. I løpet av året skal dei skyte opp ein studentrakett heilt sjølve.

– Då blir vi delt opp i grupper der vi skal kjenne på alle prosedyrane for å lære om rakettoppskyting. Nokre får for eksempel kontrolltårnet og andre skal lese telemetri, der vi får inn alle data frå raketten. Det skjer i slutten av dette året.

Når Endre blir ferdig på vidaregåande, vil han halde fram med å studere romteknologi. Draumen er ein jobb innan romindustrien.

– Viss eg kunne valt vil eg anten jobbe for Nasa eller Esa, som er Europas svar til Nasa.

Han har lyst til å bygge satellittar, rakettar eller robotar som skal ut i rommet og gi oss meir informasjon om verdsrommet.

– Det er det eg arbeidar målretta mot no, og eg er veldig motivert.