Har du det vanskeleg i jula?

Det er mange som står klar til å hjelpa deg. Her er ei oversikt over ulike telefonnummer, nettsider og chat-tenester du kan kontakta.

Her kan du ringa/chatta om du treng nokon å snakka med:

  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørja om det du lurar på. Det er gratis og telefonen er døgnopen grunna korona-viruset.
  • Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunen si heimeside. Barnevernet skal hjelpa barn som har det vanskeleg.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • På Kors på halsen kan du prata med eller skriva til vaksne som er frivillige i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seia og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Telefonnummeret deira er 800 33 321. Du kan også chatta og senda mail anonymt på nettsida deira, korspåhalsen.no.
  • BARsnakk er ei chat-teneste for barn, ungdom og vaksne som har foreldre som har rusproblem, eller som kjenner nokon som har det. Det er heilt gratis, og du kan vera heilt anonym.
  • SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9–19 år. Her kan du snakka med ein trygg vaksen om korleis du har det, om du synest at noko er utfordrande og vanskeleg, eller treng nokon å prata med.