Forskarar ønsker større variasjon av emojiar

Fleire emojiar kan inspirere oss til å ta vare på det biologiske mangfaldet, meiner forskarane.

Emojiar er små bilde som kan symbolisere ein følelse eller illustrere kva ein snakkar om i sosiale medium. Men mangfaldet av artar er ikkje stort. I ein studie som blei publisert på måndag, har nokre forskarar sett nærmare på det biologiske mangfaldet blant emoji-artar skriv The Guardian.

Forskarane kategoriserte alle emojiar som hadde med natur og dyr å gjere. Dei fann ut at det finst 112 emojiar som representerer ulike organismar. Blant desse var 92 dyr, 16 plantar, ein sopp og ein mikroorganisme som forskarane meiner er ein E.colibakterie. Mikroorganismar og sopp er altså ikkje godt representerte.

No ønsker forskarane at det skal bli lagt til fleire emojiar for organismane som manglar, for eksempel flatorm og algesopp. Både for at folk skal bli interesserte i organismar dei ikkje kjenner, men også for at alle skal bli klar over kor stort det biologiske mangfaldet er.

– Å ha ein emoji signaliserer at ein organisme er verdifull eller viktig nok til å vere ein del av den daglege samtalen, sa forskar Jennifer Anderson til The Guardian.