Piggsvin er årets dyr i Tyskland

Den tyske dyrevernsorganisasjonen German Wildlife Foundation har kåra piggsvinet til årets dyr for 2024.

Dyrevernsorganisasjonen har sidan 1992 kåra årets dyr. Det gjer dei for å sette fokus på dyret. Ein av grunnane til at piggsvin vann kåringa denne gong, er at det er vanskelegare for piggsvin å finne trygge leveområde, skriv organisasjonen på heimesida si.

Blant ting som trugar piggsvinet, er bilar og robotplenklipparar. Piggsvinet saknar også rotete hagar der det kan finne mat og gøyme seg. German Wildlife Foundation oppfordrar derfor folk til å stelle litt mindre i hagane sine.

Det finst ikkje tal på kor mange piggsvin det er i Tyskland, men arten er raudlista. Det vil seie at han står i fare for å bli utrydningstruga i framtida. Piggsvinet står også på raudlista i Noreg.