Forskarar forsøker å vekke utrydda fugl til live

Forskarar planlegg å sleppe dodoen tilbake i naturen på Mauritius.

Dodo var ein fugl som levde på Mauritius, men som blei utrydda i 1681. Det amerikanske selskapet Colossal Biosciences ønsker å «u-utrydde» fleire artar, mellom anna dodoen. Selskapet samarbeider no med Mauritian Wildlife Foundation for å finne ein plass på øya der dodoen kan trivast, skriv CNN.

Det er uklart når det amerikanske selskapet vil klare å vekke til live ein dodo. Forskarane ønsker å bruke genene frå mankedua, som er ein levande slektning av dodoen, til å skape ein fugl som vil sjå ut som ein dodo.

Direktøren i Colossal Bioscience, Ben Lamm, seier til CNN at dei ønsker å gjenskape dodoen for å skape optimisme og inspirere menneske, særleg dei unge, i ei tid der klimaendringar, tap av mangfald og politikk kan få ting til å sjå håplaust ut.