Ringpingvinen søv 10 000 gongar i døgnet

Ifølge ein ny studie tar ringpingvinen fleire små lurar i løpet av eit døgn.

Ringpingvinen søv om lag 11 timar i døgnet. Men ein ny studie viser at denne pingvinen har utvikla eit eige søvnmønster. I staden for å sove 11 timar i eitt strekk, søv ringpingvinen bittelitt fleire gongar i døgnet. Det skriv forskning.no.

Ringpingvinen bur på øyer i Antarktis. Forskarane festa sporingsbrikker og sensorar på fleire pingvinar, og målte korleis dei bevegde seg og aktivitet i hjernen. Hjernebølger kan vise om eit dyr søv.

Forskarane fann ut at ringpingvinane kunne sove så kort som fire sekundar. Dei kunne også sove ein halvtimes tid. Dei sov både liggande og ståande.

Forskarane trur ringpingvinen har utvikla dette spesielle søvnmønsteret fordi dei bur tett i tett med andre pingvinar. I tillegg lever ringpingvinen i par, og den eine pingvinen må passe på egget mens den andre er vekke i timesvis og fangar fisk. For å få sove i det heile tatt, samtidig som han må beskytte egget frå andre pingvinar og rovdyr, tar ringpingvinen korte lurar.