5 kule spørsmål om verdsrommet

Framtida Junior har snakka med Dennis Siva som har svara på fem spørsmål om verdsrommet. Kvifor har astronautar kvite draktar? Og kor mykje veg eigentleg jordkloden?

Kvifor ramlar ikkje månen ned?

På grunn av tyngdekrafta, og fordi månen har ein hastigheit som gjer at den klarerer å gå rundt jorda i bane, utan å ramla ned mot jorda. Den fell raskare framover, enn nedover.

Dennis Siva har skrive boka «Hvorfor ramler ikke månen ned?» som er stappfull av kule spørsmål og svar om vitskap. Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

Kvifor har astronautar kvite drakter?

Dei brukar to fargar på draktene. Kvit eller oransje. Viss astronautar er ute i verdsrommet, der det er svart bakgrunn, er ei kvit drakt kontrast mot det svarte verdsrommet. Men, om dei har jorda i bakgrunnen, er det greitt med ei oransje drakt. Det kan skje at ein astronaut blir fråkopla romskipet, og då må dei andre sjå han veldig tydeleg og raskt. Det handlar om sikkerheit.

 

Kvifor er jordkloden rund?

For nokre millionar år sidan blei kloden laga av støv som samla seg i større og større klumpar. Tyngdekrafta trekker likt i alle retningar, og det gjer at alt i universet har rund form. Alle stjerner og alle planetar er runde.

 

Korleis starta universet?

Det veit me ikkje sikkert. Forskarane meiner det kan vera «big bang» – på norsk kalla «det store smellet». Det store smellet er ei hending som skjedde for 14 milliardar år sidan. Forskarane har observert lys som har reist så langt som 14 milliardar år.

 

Kor mykje veg jordkloden?

Jordkloden veg så mykje som ein elefant gonga med eit tal som har tjue nullar bak seg. Ein elefant veg cirka 5–6 tonn. Eller sjå føre deg eit rutenett som har ti tusen prikkar, og så ser du føre deg at kvar prikk har ti tusen nye prikkar og så gjer du det tre gongar til. Kvar prikk blir 10 000 gonger 10 000. Kvar prikk veg 5–6 tonn.