Blunking avslører korleis du har det

Blunkar du mykje, er du gjerne stressa.

Det å blunke fuktar tørre auge. Men forskarar frå University of Arizona ønskte å sjå nærmare på om kor mykje vi blunkar kan seie noko om korleis vi har det, skriv forskning.no.

For å studere blunking såg forskarane på episodar av eit britisk spørjeprogram. Dei noterte kor mykje deltakarane i spørjeprogrammet blunka før og etter dei fekk spørsmål som dei måtte svare på.

Blunka dobbelt så ofte

Forskarane fann ut at deltakarane på tv blunka dobbelt så ofte som ein person som kviler. Dei fann også ut at deltakarane ofte blunka i begynninga av kvart spørsmål og kvart svar. Mens deltakarane tenkte, blunka dei mindre.

Forskarane meiner at dette viser at blunking avslører om vi er stressa eller avslappa. Deltakarane blunka mykje fordi dei var på tv og måtte svare på spørsmål. I tillegg fungerte blunkinga som det forskarane kallar ei slags teiknsetting for tankane. Blunkinga er altså også eit slags punktum eller komma, for tankane, ifølge forskarane.