No kan 10-åringar velja «anna» kjønn i elevundersøkinga

Skuleelevar kan no velja mellom «gut», «jente» og «anna» i skulemiljøundersøking.

Kvar haust deltek fleire hundre tusen elevar i den landsomfattande Elevundersøkinga. Det er Utdanningsdirektoratet som er ansvarleg for undersøkinga som blir sendt ut til femte trinn, sjuande trinn, tiande trinn og alle som går første året på vidaregåande skule.

Mange spør

Ifølgje Utdanningsdirektoratet har både elevar, lærarar og foreldre bede om eit alternativ til gut og jente.

– Dei siste åra har det komme mellom 30 og 50 førespurnader årleg. Me har derfor valt å ta med ein «anna»-kategori for å ta omsyn til elevane som ikkje kjenner seg som jente eller gut, seier avdelingsdirektør for statistikk og dataforvaltning, Irene Hilleren, til NRK.