Bjørnar søv ikkje heile vinteren

Ny forsking viser at bjørnar vaknar litt, vrir og flyttar på seg i hiet om vinteren.

Det kan vera vanskeleg for bjørnen å finna mat om vinteren. Derfor kan han liggja i vintersøvn i så mykje som eit halvt år. Det er ein djup søvn som gjer at han sparer veldig mykje energi, skriv Ung.Forskning.no.

Meir om dagen

Mange små dyr som går i dvale, er nesten i koma, altså heilt urørlege. Til dømes hamsteren. Bjørnen, derimot, vrir på seg og bevegar seg i hiet no og då. Han kunne også bevega på seg meir om dagen enn om natta, ifølgje dei amerikanske forskarane som har studert bjørnane.