Startar kampanje for å redde axolotlen

Forureining trugar den mexicanske salamanderen.

Fredag førre veke starta forskarar ved eit universitet i Mexico ein kampanje for å samle inn pengar, skriv The Guardian. Pengane ønsker dei å bruke på å redde axolotlen. Ein axolotl er ein salamander som lever i Mexico.

Kampanjen oppfordrar folk til å digitalt adoptere ein axolotl. Dei som betaler for adopsjonen, får direkte oppdateringar om helsa til salamanderen og kan kjøpe digitale middagar.

Axolotlen er kritisk truga i Mexico på grunn av vassforureining.