Italia forbyr kjøtt dyrka i laboratorium

Dei som er for forbodet, meiner det vil styrke italienske bønder og mattradisjonane i landet.

Italienske politikarar stemte for å støtte ei lov som gjer det å produsere, selje eller importere syntetisk kjøtt forbode.

– Italia er det første landet i verda som er trygg frå den sosiale og økonomiske risken med syntetisk mat, sa landbruksministeren Fransesco Lollobrigida førre veke ifølge BBC.

Lova kjem før det er mogleg å kjøpe laboratoriedyrka kjøtt i Europa. Det å ete syntetisk kjøtt er berre godkjent i to land i verda: Singapore og USA.

Ikkje alle er like glade for forbodet. Nokon meiner forbodet er lite framtidsretta. Dei meiner det ikkje er noko som er syntetisk med kjøtt som er dyrka i laboratorium, fordi kjøttet er laga ved å dyrke naturlege celler.

Dyrevelferdsgrupper meiner kjøtt laga i laboratorium er ein måte vi kan sleppe ut mindre karbon på, og at det derfor er bra for miljøet.