Stengde skular på grunn av dårleg luft

I Delhi, hovudstaden i India, vart alle skulane stengde i byrjinga av november, på grunn av valdsam luftureining.

Skulane vart først stengde i to dagar, men luftkvaliteten var venta å bli endå dårlegare dei neste to vekene.

Byen er ein av dei største og mest ureina byane i heile verda. Lufta vert særleg farleg på denne tida av året. Det er mellom anna på grunn av bråtebrannar, fyrverkeri og lite vind, i tillegg til eksos. Lufta kan føre til astma og andre lungeproblem for born og gamle.

Byen har teke grep for å avgrense biltrafikken, og forbode unaudsynt byggearbeid for å betre lufta.