Kjempesniglar kan vere farlege som kjæledyr

Fleire har dei som kjæledyr, men dei kan gjere menneske sjuke.

Ung.forskning.no skriv at sveitsiske forskarar åtvarar mot å kose med sniglane. Dei slimete kjæledyra kan nemleg ha ein parasitt som er farleg for menneske. Parasitten kan gi menneske hjernehinnebetennelse.

Mange som har afrikansk kjempesnigle som kjæledyr, tenker at slimet er bra for huda. Men forskarane seier i studien sin at slimet kan innehalde virus og bakteriar som gjer menneskeeigarane sjuke.