Kenyanarar får fridag til å planta tre

Måndag annonserte kenyanske myndigheiter ein ny offentleg fridag med mål om å reversera avskoginga som gradvis har gått føre seg gjennom mange år.

Fridagen vart annonsert av Kenyas innanriksminister Kithure Kindiki på X (tidlegare Twitter). I innlegget oppmodar Kindiki alle Kenyanarar til å delta, ved å planta eit eller fleire tre.

– På den dagen er det forventa at innbyggarar frå heile landet skal planta tre som patriotisk bidrag til den nasjonale innsatsen for å redda landet vårt frå dei øydeleggande effektane av klimaendringane.

Kenya, lik med mange andre afrikanske land, har opplevd stadig verre effektar av klimaendringar dei siste åra. 2023 er sjette året med øydeleggjande tørke som FNs kontor for organisering av humanitær innsats (OCHA) har kalla «ei hurtig utfoldande humanitær katastrofe».

Berre sju prosent av Kenyas landmasse er skog per i dag, men regjeringa har sett av 80 millionar dollar, litt under 890 millionar kroner, til å utvida skogane. Målet er no å utvida tredekket til ti prosent, ved å planta 15 milliardar tre over dei neste åra. Det vil bidra til å fanga karbon frå lufta, i tillegg til å gjera det lettare for dyr og planter å blomstra.