Israel bomba flyktningleir med palestinarar

Over 13 000 er drepne i krigen mellom Israel og Hamas.

Det israelske militæret (IDF) stadfesta at dei bomba flyktningleiren Jabalia på Gazastripa tysdag. Minst 50 personar vart drepne og 150 såra i åtaket. Ifølgje IDF var målet ein kommandant, Ibrahim Briari, frå Hamas som skal ha vore involvert i åtaket 7. oktober. Briari skal ha døydd i åtaket.

IDF seier også at ei gruppe leia av Briari skal ha teke kontroll over sivile bygg i flyktningleiren. Denne påstanden er ikkje stadfesta av andre.

Denne veka var også fyrste gong sidan 7. oktober at nokon fekk reise ut frå Gaza og inn i Egypt. Nabolandet opna Rafah-grensa for visse utanlandske statsborgarar i Gaza. Norske borgarar har førebels ikkje vore inkludert blant desse.