Elevorganisasjonen ueinig i forslag om mobilfri skule

Leiar Petter Andreas Lona meiner mobilen bør brukast i skulen heller enn å ta han vekk.

Denne saka var først publisert hos Framtida.no, søsteravisa til Framtida Junior. 

Den nye kunnskapsministeren Kari Nessa Nordtun har gjeve Utdanningsdirektoratet eit oppdrag om å utvikle ei tydeleg tilråding til skulane for å unngå mobilbruk. Sundag opplyste ho til NRK at dei norske skulane kan bli mobilfrie allereie om to til tre månadar.

Elevorganisasjonen er ueinig i forslaget. 

Leiar for organisasjonen, Petter Andreas Lona, meiner mobiltelefonen har ein så sentral plass i samfunnet at det er noko elevane må lære seg å handtere.

– I samfunnet spelar mobilen ei nøkkelrolle, og me meiner skulen har eit ansvar for å førebu elevane på det i arbeidslivet. Ved å innføre ei nasjonal føring om at mobilen ikkje høyrer heime i skulen, mistar skulen den mogelegheita, seier Lona til NRK.

Bør lage reglar saman

I staden for å gjere skulen mobilfri meiner Lona at mobilen heller bør brukast i klasserommet, og at elevane må lære seg trygg mobilbruk. Han seier at skuleleiinga og elevane saman bør lage gode skulereglar for bruk av mobilen lokalt.

– Det handlar om å gi tillit til at elevane klarar å handtere mobilen på ein god måte. Så kan ein sjølvsagt ha mobilforbod under prøvar, eksamenar og liknande, men det må vere reglar som elevane sjølv har vore med på å forme ut, fortalde han i NRK Nyhetsmorgen tysdag.