Salomon (9): Vil ha lesediggklubb fleire plassar i Noreg

Eg vil ha lesediggklubb fleire plassar i Noreg slik at fleire barn skal få oppdaga den store lesegleda.

Lesediggklubben
  • er ein klubb for barn på Stord i 4. til 6. klasse som likar å lesa.
  • klubben held til på Stord folkebibliotek
  • kunne du tenkt deg å starta lesediggklubb der du bur? Ta kontakt med redaktør i Framtida Junior, Svein Olav Langåker, på svein@framtida.no eller ta kontakt med det lokale biblioteket ditt, og be dei ta kontakt!
LES FAKTALUKK FAKTA

Lesediggklubben er ein plass der me les forskjellige bøker kvar tredje veke og me snakkar om boka me har lese.

Her er nokre eksempel på nokre gøye bøker: Gutta Krutt og gledesdreperen, Hundemannen, Familien Gnork og Superpus. Oppgåvene me får handlar om teikning, lesing og sei kva som er bra og dårleg med boka.

Eg vil ha lesediggklubb fleire plassar i Noreg slik at fleire barn skal få oppdaga den store lesegleda.

Finn kjekke bøker å lesa på Lesedigg.no!