Kattar har 276 ulike ansiktsuttrykk

Kattar som blir halde som kjæledyr, har utvikla mange uttrykk for å snakke med andre kattar.

Førre månad publiserte to amerikanske forskarar ein studie. Dei hadde klart å telje 276 ulike ansiktsuttrykk hos kattar som dei bruker når dei møter andre kattar.

– Studien vår viser at kattar kommuniserer meir komplekst enn vi tidlegare har trudd, fortalde den eine forfattaren av studien, Brittany Florkiewicz, til CNN.

Veit ikkje kva alle uttrykka betyr

Forskarane filma 53 kattar på ein lokal kattekafe i Los Angeles mellom august 2021 og juni 2022. Dei laga eit eige system for å registrere ulike uttrykk, og enda opp med å telje over 200 ulike ansiktsuttrykk.

Forskarane klarte ikkje finne ut kva alle uttrykka betydde for kattane, men dei meiner at 45,7 prosent av uttrykka var vennlege, mens 37 prosent var aggressive.

Kattane hadde vennlege uttrykk då øyre og vêrhår bevegde seg framover mens auga var igjen. Ein aggressiv katt hadde smale auge, øyra låg flatt mot hovudet, og tunga sveipa leppa.

No ønsker forskarane å studere kattane meir for å finne ut kva alle dei 276 uttrykka betyr.