Armane til sjøstjerna er eigentleg utvidingar av hovudet

Forskarar har funne ut at sjøstjerna minner meir om eit hovud utan kropp, enn ein skapning med mange armar.

Det ser kanskje ut som at sjøstjerna har mange armar. Men no viser forsking at desse armane er meir like eit hovud enn ein arm, skriv The Guardian.

Forskarane fann dette ut ved å sjå på genene til sjøstjerna. Dei samanlikna genene til sjøstjerna med genene til krageormen. Krageormen er nemleg i slekt med sjøstjerna, men krageormen har ein kropp i tre delar med eit hovud.

Forskarane fann ut at dei fleste genene som var skrudde på, altså kva gener dei fann, hos sjøstjerna, var dei same som dei fann i hovudet til krageormen.

Forskaren Thurston Lacalli skriv om studien. Han seier studien viser at vi kan tenke på sjøstjerna som «eit hovud utan kropp som går på havbotnen med leppene sine».