Kor du bur påverkar draumane dine

Forskarar har samanlika draumar frå ulike land.

Ung.forskning.no skriv at ei gruppe forskarar frå Europa, Nord-Amerika og Afrika har undersøkt kva folk drøymer om når dei søv. Forskarane veit ikkje heilt kvifor vi drøymer, men studien viser at draumane våre blir påverka av livet vi lever.

Var i fare, men fekk hjelp

I Afrika fortalde Aka-folket i Kongo og Hadza-ane i Tanzania at dei ofte drøymde om å vere i fare. Samtidig fekk dei hjelp i dei vanskelege situasjonane i draumen. Forskarane meiner at dette stemmer med korleis Aka-folket og Hadza-ane lever. Dei samarbeider ofte og er avhengig av kvarandre i kvardagen.

Var åleine

I Canada, Sveits og Belgia drøymde dei også om å vere i fare. Men i desse draumane var den som drøymde ofte åleine. Forskarane meiner at det er fordi menneska i desse landa lever meir åleine og er ikkje like opptatt av å hjelpe kvarandre i kvardagen som i Kongo og Tanzania.

Livet vi lever påverkar draumane

Konklusjonen frå forskarane er derfor at livet vi lever, påverkar draumane våre. Landet du bur i og korleis kvardagen din er, verkar inn på kva du drøymer.