Auke i bjørneangrep i Japan

Sidan april har bjørnar skada 159 menneske og drepe to.

Ekspertar meiner at auken kjem fordi bjørnane slit med å finne mat, skriv The Guardian. Bjørnane et blant anna eikenøtter og bøkenøtter. I år er det svært få nøtter. Når bjørnane leiter etter mat i utkanten av skogen, møter dei ofte på menneske.

Leiter etter mat på nye stader

Tidlegare møtte folk på bjørn når dei gjekk tur i skogen eller plukka bær og sopp. Men fordi bjørnane må leite etter mat på nye stader, har fleire av angrepa i år skjedd nærme heimane til folk.

Naturvernarar ber om at meir må bli gjort for å sikre at bjørnane finn nok mat før dei går i dvale. Ei løysing kan vere å legge ut nøtter på trygge matplassar langt vekke frå folk.