Sniglar et posten i engelsk landsby

Sniglane har fått smaken på konvoluttlim.

BBC skriv at på utsida av ein postboks i landsbyen Lewdown i England, heng det ein lapp med ei åtvaring. På lappen står det:

«Vi ønsker å informere deg om at sniglar har flytta inn i denne postboksen og et på limet på konvoluttane. Vi fjernar sniglane dagleg, men dei er svært bestemte og kjem tilbake. Du er velkommen til å bruke postboksen, men brevet du sender, kan innehalde nokre bitemerke når det kjem fram.»

Ifølge ein lansbybuar BBC snakka med, har problemet vart i minst eitt år. BBC har prøvd å få kontakt med Royal Mail, som har ansvaret for posten i England, men dei har ikkje svart.