Dyr i nasjonalpark mest redde for menneskestemmer

Menneske som prata var meir skremmande enn løver som knurra.

Ung.forskning.no skriv om ein studie der forskarar ville finne ut kva dyra i ein nasjonalpark i Sør-Afrika var mest redde for. Forskarane sette derfor opp eit kamera og ein boks med lydopptak i nærleiken av eit vatn.

Boksen spelte av tre typar lydar. Den første lyden var menneske som snakka saman. Den andre lyden var løver som knurra. Den tredje lyden var hundar som bjeffar og skot frå jaktvåpen.

Menneske som snakka skremde dyra oftast

Etter eit par månader, henta forskarane tilbake kameraet og lydboksen. Opptaka viste at dyra flykta oftast då dei høyrde menneskestemmer. Både sebraer, sjiraffar, leopardar, vortesvin, elefantar og nashorn blei skremde av menneske som snakka saman. Dyra flykta faktisk oftare enn då dei høyrte løvelydane.

– For dyra er det eit sterkt faresignal å berre høyre at vi er i nærleiken. Dei er livredde for menneske, mykje meir enn noko anna rovdyr, seier forskar Liana Y. Zanette frå Canada, ifølge ung.forskning.no.