Håvard (19) er tidenes yngste ordførar

Noregs yngste ordførar enda med å ta kjeda frå ordføraren han møtte i sitt første ungdomsrådsmøte. No vil Håvard Handeland inkludere ungdomsrådet meir i kommunestyret.

– Verda blei jo snudd opp ned då dette blei offentleg. Eg sov ikkje mykje den natta kan du seie.

Arbeidarpartipolitikar Håvard Handeland er blitt historisk.

19-åringen blir ny ordførar i Sauda kommune i Rogaland, og er med det tidenes yngste ordførar i landet vårt.

– Det er heilt surrealistisk! Eg blei sjokkert då eg såg kor forhandlingane gjekk og skjønte at no kan eg faktisk bli ordførar, fortel han på telefon til Framtida.no.

Frå ordførarmøte til ordførarjobb

Då valresultatet vart klart, var det rett i forhandlingar for 19-åringen. Senterpartiet blei største parti i kommunen, men like bak kom partiet hans Arbeidarpartiet.

– Tanken slo meg: «Vi forhandlar med Senterpartiet som har ordføraren no. Han møtte eg for første gong for seks år sidan på denne tida i mitt første ungdomsrådsmøte.»

Håvard hugsar kor stas han syntest det var å møte ordføraren.

– Og no sit eg og forhandlar om verv med den same ordføraren!

Arbeidarpartiet gjekk inn eit samarbeid med Høgre, og slik enda Handeland opp som Sauda-ordførar.

– Eg kjenner meg utruleg privilegert.

Ingen fordel å vere ung

Ved førre lokalval vart Sokndal-politikar Jonas Andersen Sayed, då 21 år, noregshistorias yngste ordførar. Men no er det Håvard Handeland i Sauda som har rekorden som den yngste ordføraren.

Han vil no vie all si tid til tillitsvervet.

– Eg skal vere ærleg og seie at det faktisk ikkje er så mange fordelar med å vere ung i denne rolla.

Han trur likevel det kan vere ein fordel at han ikkje har hus og ungar.

– Lage middag må eg gjerne gjere, men eg har ikkje andre ting som godt vaksne og etablerte kanskje har.

Trass ung alder, har Håvard lang erfaring med å engasjere seg i samfunnet. Han starta i ungdomsrådet i kommunen, og vart seinare valt inn i ungdommens fylkesråd i Rogaland. Der var han òg varaordførar. Rundt 2019 gjekk han inn i partipolitikken.

– Ungdomsråd er på ein måte nøytralt. Det er ikkje der vedtaka skjer, men blant politikarane, forklarar han om kvifor han tok steget inn i politikken.

Håvard Handeland trur det blir ei bratt læringskurve i den nye jobben. Foto: Sauda Arbeidarparti

Blanda tilbakemeldingar

19-åringen føler han har ekstra mykje han må bevise.

– Kva tilbakemeldingar har du fått etter at det blei klart at du blir ordførar?

– Det er ein kombinasjon, men er mest positivt.

Håvard forventa at det ville kome nokre negative reaksjonar på alderen hans, og det har det også kome.

– Men eg har inntrykk av at lokalsamfunnet synest det er spanande, at dei gir meg moglegheita til å vise at det er mogleg.

Den nye ordføraren er likevel førebudd på at det blir utfordrande. Det er mykje å setje seg inn i av lovar og reglar, å leie kommunestyremøte, kommuneplanar og arealplanar.

– Det blir ei bratt læringskurve, på 90 grader!

Engasjert i by-bygd

I politikken er han oppteken av forholdet og samspelet mellom by og land.

– Eg bur i Ryfylke. Vi har mykje kraftproduksjon som bidrar til storsamfunnet, men får lite tilbake.

Han vil òg inkludere ungdomsrådet meir i kommunestyret.

– Det var der eg starta, seier han, og legg til at han vil vere eit godt førebilete for unge.