Sunniva (13) med lærebokoppgjer: – Berre kvite menn

Av historiske personar nemner læreboka 15 vestlege menn. Ungdomsskuleeleven meiner det bidreg til haldningar om at jenter ikkje duger.

– Eg reagerte med éin gong eg såg det, og det var fleire i klassa som også reagerte.

Det seier Sunniva Rose Jacobs Steinberg (13) om innhaldet i læreboka i KRLE. Ho går i åttande klasse på Sunndal ungdomsskule.

I starten av boka frå Cappelen Damm er det ei tidslinje som viser kjende personar. Den inneheld 15 europeiske menn, men ingen kvinner eller personar frå andre kulturar.

Bilete frå KRLE-læreboka. Ingen kvinner eller menn frå andre delar enn Europa er med på tidslinja. Foto: Privat

– Eg syntest eigentleg berre det var veldig rart at dei hadde gjort det sånn og at dei ikkje hadde skrive noko om kvifor dei hadde valt berre kvite menn, seier Sunniva på telefon til Framtida Junior.

Det hadde blitt reagert på med ein gong viss det berre var kvinner på tidslinja, meiner ho.

Ho understrekar at ho ikkje synest at mennene ikkje fortener å vere i boka, men meiner det er plass til fleire.

Negative kommentarar frå gutar

– Kvifor meiner du det er viktig å inkludere andre enn desse mennene i pensum?

– Eg opplever når eg er i klasserommet at gutar slenger negative kommentarar om jenter – at vi ikkje kan gjere noko i verda og ikkje kan kome oss fram berre fordi vi er jenter.

Eleven meiner at å berre inkludere menn i lærebøkene bidreg til at det blir sånn.

– Det har ingenting med kjønn og kultur å gjere, du kan gjere akkurat like mykje. Det følast ganske nedlatande når dei har valt å berre ha med eitt kjønn.

Sunniva synest det er rart at KRLE-boka er så godt som ny, ifrå 2022 og likevel berre har menn på tidslinja. Omslag: Cappelen Damm

Skreiv innlegg i Klassekampen

13-åringen tok først opp saka med rektor på skulen, og skreiv vidare eit meiningsinnlegg som vart publisert i avisa Klassekampen.

– Eg hadde ikkje trudd at det ville få så mykje respons, seier ho om dei positive tilbakemeldingane på innlegget.

Håpar på endring

Sunniva håpar at forlaget Cappelen Damm vil gjere noko etter kritikken.

– Dei kan ikkje berre seie at det er dumt.

Åttandeklassingen er med i elevrådet på Sunndal ungdomsskule, og har lyst til å få til at elevane på skulen skal få lære om viktige kvinner.

Står for innhaldet

Anne Nygård i Cappelen Damm seier til Framtida Junior at det ikkje er snakk om ei fullstendig historisk tidslinje over viktige personar. Dei har valt å trekke fram dei personane som har vore mest synlege historisk i dei temaa ein lærer om i åttandeklasse.

I læraren si bok er det også ei oppgåve der elevane skal samanlikne med korleis det er og kven som ville vore viktige i dag.

Forlaget står for innhaldet i boka, og har stilt seg dei same spørsmåla som Sunniva.

– Forfattaren sjølv problematiserer akkurat det same. På side 124 i KRLE 8 spør ho om kvar kvinnene er og kvifor vi ikkje ser ein annan del av verda, og så kjem vi med ei forklaring på det.

Forlaget tar til seg korleis tidslinja har blitt oppfatta, og tenkjer at dei må gjere hensikta meir tydeleg.

Kvinnene kjem

Nygård seier at fokuset er på sentrale tankar og idear framfor personar, og at det historisk sett er menn som har vore mest synlege i den grunnleggjande filosofien som 8. trinn tar for seg. Bøkene for 9. trinn og 10. trinn tar opp tema som gjer at det blir fleire kvinner og perspektiv frå andre delar av verda. 

– Det går eit heilt år før elevane møter kvinnelege tenkarar – kunne ikkje det vore spreidd litt meir?

– No er det desse temaa og læreplanen vi forheld oss til. Vi såg det sjølv og problematiserer det grundig i boka og også i læraren si bok. Så tenkte vi at vi får ei betre framstilling om vi skal halde oss til tema.