Oppdaga at det er greitt å vera sjenert

Anna Fiske har laga ein heil serie med bøker om mental helse for barn og unge. I «Følelsesbiblioteket» blir du kjent med alle kjenslene.

– Bokserien heiter «Følelsbiblioteket», og er lettlesne bøker for barn og ungdom. Nett no skriv eg ei ny bok om skam, fortel ho.

Anna har tidlegare skrive om både sorg, lykke, sinne, forelsking, sjenanse, sjalusi og redsel.

– Eg har merka meg at bøkene blir lese av folk i alle aldrar. Sidene inneheld store teikningar og lite tekst. Eg fortel ikkje alt ein følelse er – men eg viser korleis den følelsen kan opplevast. Det er det som er fint med å snakka gjennom bilde, seier Anna.

SKAM: Anna Fiske skriv om skam i den aller nyaste boka i serien «Følelsesbiblioteket». Illustrasjon: Anna Fiske

Alle kjensler er normale

Ho håpar bøkene kan vera ein god samtalestartar.

– Eg vil normalisera alle kjensler. Til dømes det å vera redd. Alle er redd for noko. Det å snakka om kjensler er viktig. Fordi då treng ein ikkje kjenna seg åleine om å føla slik, seier ho.

Sjølv har også Anna hatt det vanskeleg.

– I barneåra var eg veldig sosial, men då eg gjekk over til å bli ungdom vart eg veldig sjenert. Det gav meg mykje angst. Eg snakka lite og lågt og då var det vondt å bli bedt om å snakka høgare. For eksempel i klasserommet. Eg trong å vera litt stille, men det blei sett på som unormalt. Alle skulle rekka opp handa og vera «på» heile tida. Men, det er ikkje alle som får til det. Det var først etter at eg blei vaksen at eg forstod at det er greitt å vera sjenert, fortel ho.

HJELP: Korleis kan skamma bli mindre? Illustrasjon: Anna FIske

Teiknar kjensler

Anna brukte mykje energi på å kjenna at ho ikkje klarte å leva opp til det som var venta av ho.

– Eg kjente meg svært dårleg. No veit eg at det er greitt å vera sjenert, og det er viktig for meg å snakka høgt om det slik at andre som er sjenerte veit at det er ok.

I teikningane hennar ligg det mange kjensler.

– Eg viser mykje i figurane eg lagar. Dei viser følelsane tydeleg, slik at du som les ser at det er normalt å vise korleis du har det.

Anna har brukt det å teikna for å få ut sine eigne kjensler.

– Eg får ut mykje når eg teiknar og skriv. Nokon likar å lesa, nokon treng å snakka – men eg likar best å teikna og skriva om det eg føler, fortel ho.

FORFATTAR: Anna Fiske har laga ein heil serie med bøker om mental helse for barn og unge. Foto: Forlaget