Meitemarkar hjelper til med å produsere like mykje korn som Russland

Meitemarken har ei svært viktig rolle i produksjonen av mat.

Forskarar har lenge visst at meitemarkar gjer at plantar veks betre. Men ein studie som blei publisert førre veke, viser kor mykje betre meitemarkar gjer avlingar av korn og belgfrukter. Det melder The Guardian.

Forskarane seier at meitemarken bidrar til 6,5 prosent av verdas kornhaust. Det er like mykje som 140 millionar tonn kvart år. I 2022 produserte Russland 150 millionar tonn mat. Viss meitemarkar var eit land, ville dei verde den fjerde største matprodusenten i verda.

Trivst best i jord utan plantevernmiddel

Meitemarken hjelper plantane til å vekse betre ved å ete restar av plantar og dyr, og ved å grave gangar i jorda. Slik gjer dei næringa i jorda meir tilgjengeleg for andre, og jorda held lettare på vatn.

Studien viste at meitemarkane bidrog mest til matproduksjonen i Afrika sør for Sahara, Latin Amerika og Karibia. Grunnen er truleg at bønder i desse områda bruker mindre plantevernmiddel. Då trivst meitemarkane betre.