Facebook og Instagram kan få reklamefrie variantar

Meta, som eig Facebook og Instagram, seier at dei vurderer å la folk betale pengar for å ikkje få opp reklame.

Å sleppa å sjå reklame på Facebook og Instagram vil kosta mellom 100 og 150 kroner per månad, skriv Wall Street Journal.

Det er usikkert kva tid denne betalingstenesten kjem til Noreg.