Talet på nashorn aukar

Talet på nashorn i verda har stige, trass i krypskyting og tap av leveområde.

På 1900-talet var det rundt 500 000 nashorn i Asia og Afrika. Men på grunn av ulovleg jakt for å få tak i hornet til dyra og tap av leveområde, sank talet på dyr.

Tal frå IUCN African Rhino Specialist Group viser at det totale talet på nashorn i verda har stige til rundt 27 000 dyr på slutten av fjoråret. Det skriv The Guardian.

– Med desse gode nyheitene kan vi sukke letta ut for første gong på eit tiår, seier Dr. Michael Knight til The Guardian. Han leier nashorngruppa IUCN. – Det er viktig at vi bygger vidare på denne positive utviklinga og ikkje slapper av, seier Knight.

Det finst fleire ulike nashornartar. Sjølv om dei fleste har auka, gjeld det ikkje Java-nashorn og Sumatra-nashorn. Dei er framleis sterkt utrydningstruga. WWF skriv at det berre er 60 Java-nashorn og 80 Sumatra-nashorn igjen.