Skrivekonkurranse: Ordførar for ein dag

Framtida junior lyser ut ein skrivekonkurranse til alle barneskular, med fine premiar. Målet er å skapa skrivelyst og skriveglede på nynorsk. I tillegg til fine premiar kan tekstane også bli trykt i Framtida junior.

Skriv eit lesarbrev om kva du ville gjort om du fekk vera ordførar for ein dag. Kva vil du endra på heimplassen din?

Det er lurt å velja ut eitt tema som du skriv om. Tips til tema å skriva om:

SKULE:

• Kva ville du gjort for at fleire elevar kan trivast på skulen?

• Kva vil ha ha meir av på skulen?

• Skriv om lekser eller skulemat! Skriv sju grunnar til at det er bra med gratis skulemat eller kvifor du meiner me må ha eller ikkje ha lekser!

MILJØ OG KLIMA:

• Kva meiner du må gjerast for å redusera klimautsleppa i kommunen din og i Noreg?

• Kva meiner du barn og vaksne kan gjera for å vera meir miljøvenlege?

FRITID:

• Kva meiner du kommunen bør gjera for at fleire barn og unge skal få vera med på kjekke fritidsaktivitetar?

• Kvifor er det viktig at alle barn og unge har ei meiningsfull fritid?

 

Frist for å levera er 30. oktober.

Premiar: 1. premie: 1000 kroner til klassen og abonnement på Framtida junior i 2 månader til vinnareleven. Alle klassar som er med i konkurransen er med i trekkinga av klassesett av papiravisa.

Innsending

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse – Ordførar for ein dag» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.

Les fleire saker frå serien vår: Unge stemmer her!