– Det tek mykje meir tid om eg skal gjera lekser åleine

Olve, Sebastian og Gabriella fortel kva dei synest om leksehjelpa dei får på skulen. Og kva synest dei eigentleg om å ha lekser?

Olve Presthaug (11)

– Det er betre å gå på leksehjelp enn å gjera dei heime. Det tek mykje meir tid om eg skal gjera lekser åleine. Eg vil heller spela fotball og FIFA når eg kjem heim. Eg har tilbod om leksehjelp måndag, tysdag og onsdag – men ofte blir eg ferdig med leksene måndagen. Eg synest lekser er keisamt. Eg likar best å jobba med lekser på PC-en. Å skriva, lesa og rekna likar eg ikkje så godt. 

 

Sebastian Trasti (11)

– Leksehjelp er ganske greit. Det er veldig fint å sleppa å gjera lekser heime. Eg vil heller slappa av, vera med vener eller spela. Eg synest eg får god hjelp på skulen, og eg får alltid gjort alle leksene. Spesielt matte synest eg kan vera vanskeleg dersom eg skal gjera det åleine. Eg synest i grunn me burde droppa å ha lekser slik dei har gjort på nokre skular. 

 

Gabriella Aga (11)

– Det er heilt ok å ha leksehjelp. Men nokre gongar føler eg at eg får for mykje hjelp. Altså, eg synest hjelpa eg får er veldig god, men av og til treng eg ikkje hjelp. Men så får eg hjelp likevel. Eg vil klara meir sjølv. Eg har tilbod om leksehjelp kvar tysdag, og då gjer eg leksene som krev at eg brukar hovudtelefonar. Eg treng nemleg det til ein del oppgåver, og eg har ikkje hovudtelefonar heime. Så då gjer eg som oftast dei oppgåvene på skulen, og resten av leksene heime. 

 

 

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer som er støtta av Fritt Ord.