BUA har 630 000 utlån i år

I Noreg er det 242 utlånssentralar i litt over halvparten av alle landets kommunar. Kvart år kjem det 30–40 nye utlånssentralar.

Fakta om BUA: 
  • BUA står for BARN-UNGE-AKTIVITET.
  • BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjera det enklare for barn og unge å prøva fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auka forbruket.
  • Heilt sidan tidleg på 90-talet har det eksistert kommunale sentralar der sports- og friluftsutstyr blei lånt ut gratis. BUA vart stifta i 2014 av entreprenørar som såg eit behov for å gjera noko med utstyrssentralane og måten dei fungerte på. 
LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har snakka med Morten Aase som er seniorrådgivar for opplæring og etablering i BUA.

– Kva skal til for at barn skal få tilgang på BUA i alle kommunar?

– Me jobbar for at alle skal få tilgang på BUA der dei bur. Men, det handlar om kommunen prioriterer pengar til bemanning og pengar til innkjøp og vedlikehald av utstyr. BUA eig utlånssystemet og kommunane kjøper retten til å nytta dette.

– Kven avgjer om ein kommune får BUA?

– Det er ei lokal avgjerd. Det kan vera kommunen, idrettslag, Røde Kors, frivilligsentralar eller ulike organisasjonar som driv BUA. Me hjelper til i både oppstarten og sørger for at dei som driv BUA blir følgt opp på ein god måte.

– Har det vore snakk om å utvida drifta av BUA til å også omfatta utleige av andre ting enn sport og fritid? 

– Me har ein uskriven regel som seier 80/20. Det betyr at BUA kan låna ut andre ting enn sport og friluftsutstyr gjennom systemet, men tilbodet skal kjennast som ein stad der ein låner utstyr. Me har BUA-avdelingar som låner ut alt mogleg: Verktøy, festdrakter, instrument, gamingutstyr og mykje anna. Så det går føre seg allereie i dag.

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer som er støtta av Fritt Ord.