Kan du sjå at nokon er sjuke?

Viss du skjønar at nokon er sjuke berre ved å sjå på dei, er det lettare å unngå å bli smitta.

Forskarar har allereie funne ut at vaksne er ganske gode på å sjå om folk er sjuke eller friske. Kva med barn?

Det var ei gruppe forskarar frå USA og Kina nysgjerrige på, skriv Ung.Forskning.no.

Dei samla inn bilete av folk med sjukdommar, og fekk eit nytt bilete av dei då dei var friske og raske igjen. Med seg i studien fekk forskarane 160 deltakarar. Det var ei gruppe med fire- og femåringar, ei gruppe med åtte- og niåringar, og ei tredje gruppe var vaksne.

På internett

Deltakarane gjennomførte studien på internett. Den bestod av to testar. Dei fekk opp to ansikt på skjermen: Det sjuke ansiktet og det friske ansiktet frå same person. Ansikta var plasserte ved sida av kvarandre og forskarane sa det var ansikta til tvillingar.

I den første testen skulle deltakarane mellom anna velja kva for ein av tvillingane dei helst ville sitja ved sida av og eta middag. I den andre testen skulle deltakarane peika ut kva personar som kjende seg sjuke.

Åtte- og niåringane var gode til å kjenna igjen sjuke ansikt. Endå meir treffsikre var dei vaksne. Fire- og femåringane klarte det i færrast tilfelle.

Berre vaksne folk

Deltakarane som var gode til å peika ut den sjuke personen i den andre testen, ville oftare sett seg ved sida av den friske personen i den første testen.

Denne studien hadde berre ansikt frå vaksne folk. Kanskje det hadde vore lettare for dei yngste barna å kjenna igjen eit sjukt ansikt hos nokon på sin eigen alder? Det var heller inga stemme eller rørsle hos personane. Kroppsspråk eller ansiktsrørsler er ofte viktige for å sjå korleis nokon har det.