Opplever at stader ikkje er lagt til rette for rullestol

Alle skal kunne bruke bygningar og uteområde, uavhengig av funksjonsevne. Men alle stader er ikkje lagt til rette for rullestol. Det har Sigurd Duun Gimmestad (11) frå Trondheim erfart.

Då Sigurd blei født, fann legane ut at han hadde ein sjeldan muskelsjukdom.

– Ein lege sa at eg aldri kom til å gå, fortel Sigurd.

Heldigvis tok legen feil, og Sigurd klarer å stå og gå litt. Men han blir fort sliten og bruker derfor ofte rullestol. Då er det viktig at rullestolen kjem fram alle stader.

Trapper og brustein er problematisk

I sommarferien var han i Bergen. På restauranten dei skulle ete på, var det ikkje mogleg å komme inn med rullestol.

– Då eg skulle gå opp trappa, datt eg. Det var dumt. Men eg fekk litt ekstra nachos for ulempa, og det var bra!

Bergen har mange gater med brustein.

– Det er veldig vanskeleg å køyre rullestol på, og hjula set seg ofte fast mellom brusteinane. Viss dei set seg fast i fart, blir det bråstopp og eg kan falle ut av stolen, seier Sigurd.

Gater kan tilpassast betre for rullestol

Sigurd har eit forslag til korleis gater kan bli meir lagt til rette for han og andre i rullestol.

– Nokre stader er det lagt baner med store heller mellom brusteinane. Då blir det mykje lettare å komme seg fram, seier han.

Sigurd fortel også at høge fortauskantar kan vere utfordrande for rullestolen.

– Viss det er fleire stader med låge fortauskantar, er det lettare å komme seg av og på fortauet.

– Korleis kjenner du det når du ikkje kjem fram, men dei andre kjem fram?

– Då blir eg litt sur og lei meg. For eksempel viss eg ikkje kjem inn til eit tjern på hytta for å fiske, eller rullestolen min ikkje kjem forbi ein bom på vegen. Ofte finn vi løysingar ved at eg sit på ryggen, men då blir turane ganske korte, seier Sigurd.

GLAD I FRILUFTSLIV: Sigurd er glad i å fiske og vere ute i naturen. Foto: Privat

Føler seg inkludert

Trass i at det kan vere vanskeleg å komme fram enkelte stader, føler Sigurd seg ganske inkludert i dei fleste ting. Han blir glad når han kjem til ein plass som er lagt til rette for rullestolen, som på fjellet i nærleiken av besteforeldra hans.

– Der finst det ein gapahuk som det går rullestolveg inn til, fortel Sigurd.

Også på Lerkendal fotballstadion har han hatt ei god oppleving.

– Ein gong då eg var på Rosenborgkamp, vifta politiet oss forbi alle vegsperringar, og vi fekk parkere veldig nært stadion. Det var gøy! Og kampen var bra, seier Sigurd.

TILPASSA TURSTI: Nokre stader er det vegar rullestolen kan køyre på. Foto: Privat

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer som er støtta av Fritt Ord.