Tusenvis står på venteliste i kulturskulen

I Noreg går 97 563 barn på kulturskulen. Men over 23 000 barn og unge står på venteliste.

Desse har flest barn på venteliste
  1. Os i Østerdalen 15,4 %
  2. Skjåk 13,7 %
  3. Hyllestad 13,5 %
  4. Stad 13 %
  5. Åmli 12,9 %
  6. Ålesund 11,7 %
  7. Longyearbyen 11,5 %
  8. Birkenes 11,2 %
  9. Alstahaug 10 %
  10. Aure 9,6 %

Kjelde: SSB, Barn 6-15 år på venteliste i 2022.

LES FAKTALUKK FAKTA

Alle kommunar skal ha eit tilbod om kulturskule. Men tilbodet barn har å velje mellom, varierer frå kommune til kommune. I mange kommunar må barn vente lenge på å få lære seg gitar eller piano.

Lange ventelister i Ålesund

Ålesund er ein av kommunane med lange ventelister for plass i kulturskulen.

– Det enkle svaret på kvifor det er slik, er at vi ikkje har økonomi eller kapasitet til å gi alle som søker, plass i kulturskulen.

LEIAR I ÅLESUND KULTURSKULE: Gro Dalen seier at ventelistene er lange fordi dei ikkje har økonomi til å gi plass til alle som ønsker det. Foto: Privat

Det seier Gro Dalen, leiar i Ålesund kulturskule. Nokon av dei som står på ventelista, er allereie elevar som ønsker undervisning i eit fag til. Men hovudproblemet er at dei ikkje har nok pengar til å ha mange nok lærarar i kulturskulen.

– Vi forsøker etter beste evne å få mest mogleg ut av kvar lærarstilling og fyller opp med elevar og undervisning så langt som råd. Men det er grenser for kor mange elevar det kan vere på ei gruppe, eller kor kort ei undervisningsøkt kan vere, seier Gro.

Politikarane bestemmer

Kor mykje pengar kvar kulturskule får, blir avgjort av politikarane i kommunen. Under kommunevalet i Ålesund står Torjus Levisen Johansen på vallista til Arbeidarpartiet. Kva vil han gjere for at fleire skal få plass på kulturskulen?

– Eg og Ålesund Arbeidarparti vil arbeide for å styrke og utvide kulturskulen i heile Ålesund. Då blir det fleire elevplassar, og færre treng å stå på venteliste, seier Torjus.

Han gjekk ikkje på kulturskule sjølv då han var liten, men spelte tuba i skulekorpset. I tillegg til å få ned ventelistene, meiner han også det er viktig å få ned prisen på kulturskule og andre fritidsaktivitetar for barn.

– Vi skal arbeide for at alle barn og unge skal få vere med – i kulturskulen, i korpset, på fotballlaget, eller ein annan aktivitet – uansett om familien har mykje eller lite pengar. Det er viktig for at barn og unge skal få føle eit fellesskap og oppleve ein god kvardag, seier Torjus.