Høgre og Framstegspartiet fekk flest stemmer i skulevalet

Høgre blei den store vinnaren i skulevalet. Partiet fekk støtte frå 21,9 prosent av elevane på landets vidaregåande skular.

Det er første gong sidan 2013 at Høgre er det største partiet i skulevalet. Over all forventning, sa Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til NRK etter sigeren.

– Eg trur i alle fall me kan erklæra generasjon Greta Thunberg død, utbraut han på valvaka til ungdomspartiet

19,5 prosent av elevane har stemt på Framstegspartiet. For Arbeidarpartiet er valet ein nedtur. Støtte frå 17,0 prosent av skuleelevane gjer at partiet er tredje størst. For to år sidan fekk Arbeidarpartiet 23,3 prosent av stemmene i skulevalet, skriv NRK.

Fekk flest stemmer

Samla får dei fire partia på høgresida, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, støtte frå 53,6 prosent av veljarane.

Venstresida, med Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt, og dessutan Miljøpartiet De Grønne, får totalt 40,7 prosent av stemmene.

Mandag 11. september er det kommune- og fylkestingsval i Norge.